Siste nytt

Årets klubbmestere kåret

I helga blei det arrangert klubmesterskap på Maurholen. I år hadde me eit rekordoppmøte med rundt 60 personar fordelt på 6 klasser. Det var veldig kjekt å sjå så mange golfglade personar på ein plass. Det var litt vind begge desse dagane, men elles nydelige forhold. Banen var på sitt nydeligaste! Her har greenkeeper og teamet gjort ein særs flott jobb.

Les mer: Årets klubbmestere kåret

I herreklassen leda Linus Skandsen turneringa lenge, men med to hull igjen å spele, gjekk han dessverre av hull 9 (han sitt hull 17) med 11 på scorekortet. På dei andre 17 hulla var han kun +1 denne dagen! Det gjorde at Vegard Stapnes gjekk av med seiaren. Me gratulerer!

De beste i herreklassen var Linus Skandsen, Vegard Stapnes og Aksel Hetland

I seniorklassen var det Lars Tore Sviggum som vant med 7 slag foran neste mann. I dei andre klassane var det følgande som vann:

Junior herre: Arne Johan Røiland Pedersen

Senior herre 65+: Ole Lindø

Senior dame: Diana Adolfsen

Senior dame 65+: Eva Lindø

En fornøyd gjeng med klubbmestere fra venstre: Arne Johan Røiland Pedersen, Diana Adolfsen, Eva Lindø, Ole Lindø og Lars Tore Sviggum

Øvrige resultat kan ein finne i golfbox.

Takk til alle som stilte opp, og takk for at de hadde litt tolmod med turneringskomiteen desse dagane. Dette var fyrste gongen akkurat me arrangerte denne turneringa, og me prøvde så godt me kunne å løyse utfordringane som kom undervegs. Håpar alle koste seg og er klar igjen til neste år.

Mvh Turneringskomiteen v/Amer Tiro